HALLINGFORSK

Distriktsmedisinsk forskingssenter

 

Hallingforsk - nærleik og horisont

 
Hallingforsk - med blikk for nærleik og horisont !


Månadens artikkel:

Cognitive Functioning in Children Prenatally Exposed to Alcohol and Psykotropic Drugs
Misbruk av alkohol i svangerskapet svekker bornas evner, og er verre enn narkotika og medikamentmisbruk.

Dette er det viktigaste funnet i ein studie blant 130 born og unge i alderen frå fire til fjorten år, som under svangerskapet vart utsette for mors alkohol- eller narkotika-/medikamentmisbruk.
"Alkohol er skadeleg frå fyrste dag i svangerskapet. Nulltoleranse bør difor være rådet frå  helsepersonell, understrekar fyrsteforfattar, spesialist i klinisk nevropsykologi og seniorforskar i Hallingforsk Knut Dalen.

Les meir


Kvifor distriktsmedisinsk forsking ?


  Ei framtidsretta helseteneste krev eit betre kunnskapsgrunlag  for eit  balansert tenestetilbod der primærhelsetenesta er rett dimensjonert, stabil og heldt eit høgt fagleg nivå. Samhandling og oppgåvefordeling mellom dei ulike nivå er nøkkelfaktorar som og må få større merksemd i framtida.

Les meir



Forskarsamlingar i Hallingforsk 1. halvår 2010

Samlingane skal gje mogelegheit for å drøfte prosjektskisser og forskingsprosjekt med forskingsinteresserte kollegaer. Nokre av samlingane er og avsett til presentasjon og diskusjon av basale  forskingsmessige tema.

 

Les meir


Doktorgradsprosjekt ved Hallingforsk
Prosjektet skal dokumentere verknader på medisinsk forløp,pleiebehov, livskvalitet og samfunnsøkonomi ved inneligjande behandling på eit lokalmedisinsk senter samanlikna med tadisjonell behandling på lokalsjukehus. Prosjektet vert gjennomført som doktorgradsprosjekt over ein fem- års periode og er finansiert av forskningsmidler i Helse Sør-Øst.
Les meir

Forsking i allmennmedisin må fram i lyset !
Store folkesykdommer og sammensatte lidelser gjør det tvingende nødvendig med mer allmennmedisinsk forskning, mener Gisle Roksund, leder i Norsk Forening for Allmennmedisin.
Les meir

Hallingforsk
Hallingforsk er eit distriktsmedisinsk forskingssenter for å fremje og gjennomføre allmennmedisinsk forsking i skjeringspunktet mellom kommune-  og spesialisthelsetenesta.
Våre samarbeidspartnerar
  • Regionrådet for Hallingdal
  • Hallingdal Sjukestugu
  • Ringerike Sykehus
  • Helse Sør-Øst
  • Allmennmedisinsk forskningsenhet i Oslo
  • Gjensidige Hallingdal
  • Undervisningssjukeheimen i Buskerud ,Ål
  • Nasjonalt senter for distriktsmedisin, UiT
Publisert med WideCMS 4