Doktorgradsprosjekt ved Hallingforsk

Styrker kunnskapsgrunnlaget for samhandlingsreforma

Prosjektet skal analysere om akuttinnleggingar ved Hallingdal sjukestugu (HSS) er eit reelt alternativ til innleggingar i eit ordinært akuttsjukehus. Det er ein innarbeida praksis at allmennlegar i Hallingdal legg inn utvalde pasientar ved HSS i staden for Ringerike sjukehus (RS). I 2008 utgjorde dette 10,1 % av innleggingane. Det skal gjennomførast ei randomisert undersøking der pasientar som er tiltenkt akuttinnlegging på HSS, vert tilfeldig fordelt i to grupper, ei intervensjonsgruppe som får innlegging på HSS og ei kontrollgruppe som får innlegging på RS. Det vert inkludert minimum 70 pasientar i kvar gruppe. Pasientane skal fylgjast gjennom eitt år etter innlegginga og alle kontaktar med spesialisthelseteneste og kommunal helse- og omsorgsteneste vil bli registrert. Vidare vert det samla data om pasientane si funksjonsevne og den pasientopplevde kvaliteten på opphalda. Gjennom standardiserte spørjeskjema vil involvert helsepersonell bli spurt om sine faglige vurderingar. Tre studiar vil analysere pasientforløp, samfunnsøkonomi og kvalitet i dei to gruppene. Dei tre studiane vil til saman utgjera eit doktorgradsarbeid. Forskingsprosjektet vil kunne gje eit betre grunnlag for å vurdere kva for rolle lokalmedisinske sentra kan og bør ha i norsk helsevesen i akuttbehandlinga av ei definert gruppe pasientar.  

Hallingforsk
Hallingforsk er eit distriktsmedisinsk forskingssenter for å fremje og gjennomføre allmennmedisinsk forsking i skjeringspunktet mellom kommune-  og spesialisthelsetenesta.
Våre samarbeidspartnerar
  • Regionrådet for Hallingdal
  • Hallingdal Sjukestugu
  • Ringerike Sykehus
  • Helse Sør-Øst
  • Allmennmedisinsk forskningsenhet i Oslo
  • Gjensidige Hallingdal
  • Undervisningssjukeheimen i Buskerud ,Ål
  • Nasjonalt senter for distriktsmedisin, UiT
Publisert med WideCMS 4