Hallingforsk offisielt opna

Hallingdal opnar nye perspektiv for primærhelsetenesta


Ål kulturhus                                                                           Foto:Lillian Grimsgård


Tysdag 16.12.2008 vart Hallingforsk  og Undervisningssjukeheimen  for Buskerud offisielt opna av statsråd Bjarne Håkon Hanssen i eit høgtideleg opningsarrangement i Ål kulturhus. Trommedrill og eit saftig hallingkast vart startskotet for forsking og fagutvikling i Hallingdal som har fått merksemd langt utover dalens grenser.  Utiviklingsarbeidet desse institusjonane skal drive, er på mange måtar banebrytande også nasjonalt.

Gjestelista var dermed lang . Statsråden med eit stort fylje, helsedirektøren og representantar for ei rekkje universitets-og høgskulemiljø  i tillegg til helseføretak deltok. Presidenten i legeforeninga var der, likeeins fylkesmannen og fylkeslegen, og sjølvsagt lokale og regionale gjester.

Statsråden hadde tidlegare på dagen saman med ekspertgruppa som førebur samhandlingsreforma hatt ei lang vitjing ved Hallingdal sjukestugu. Denne insitusjonen, i kraft av å vera ein del av eit helseføretak, er eineståande i norsk helsevesen. Hanssen og ekspertgruppa hans ynskte å sjå korleis ei desentralisert medisinsk teneste fungerer, likeeins korleis institusjonen tek hand om pasientar som er innlagt. Som eit døme på  på eit mellomnivå, mellom sjukehus og kommunehelsetenesta , har Halingdal sjukestugu gjeve oss mange gode innspel i arbeidet fram mot  samhandlingsreforma,  gjentok statsråden fleire ganger i rosande  ordelag.

Hallingdal sjukestugu er saman med Undervisningssjukeheimen for Buskerud viktigaste  arbeidsområde også for Hallingforsk. Dagen vart ei kraftfull markering for forsking og fagutvikling i primærhelsetenesta !

Hallingforsk
Hallingforsk er eit distriktsmedisinsk forskingssenter for å fremje og gjennomføre allmennmedisinsk forsking i skjeringspunktet mellom kommune-  og spesialisthelsetenesta.
Våre samarbeidspartnerar
  • Regionrådet for Hallingdal
  • Hallingdal Sjukestugu
  • Ringerike Sykehus
  • Helse Sør-Øst
  • Allmennmedisinsk forskningsenhet i Oslo
  • Gjensidige Hallingdal
  • Undervisningssjukeheimen i Buskerud ,Ål
  • Nasjonalt senter for distriktsmedisin, UiT
Publisert med WideCMS 4