![]() |
||
Samarbeidsseminar Hallingdal-Alta 13. og 14. oktover 2011Distriktsmedisinsk nettverksbygging mellom Nord- og Sør- Noreg, mellom klinikk og forsking Under denne overskifta var 24 deltakarar samla på Ål for å diskutere sjukestovenes plass i framtidas helseteneste, forsking og klinisk arbeid. Også Glesbygdmedicinskt Centrum i Storuman, Vâsterbotten var respresentert og styrka slik faglege band over landegrensene. Seminaret vart til ein tenketank der klinikarar, forskarar og helseadministrasjon på ulike nivå med utgangspunkt i distriktsmedisinsk grasroterfaring kunne knytte kontakter og drøfte erfaringar og aktuelle utviklingsskisser.Kva gjer at Hallingdal og Alta med ulike føresetnader har utvikla gode og svært like desentraliserte helsetenester? Kva er framleis skilnaden mellom modellen i Hallingdal og Alta? Kvar røynsler sit vi på, og korleis kan dei gjensidig nyttast til inspirasjon til å styrke fagmiljø og betre helsetenester i småkommunar ? Korleis kan vi bygge nettverk som gjer at vi når den kritiske "minstemasse" som trengs i klinisk forsking og i helsepolitisk samanheng? ![]() Kommunehelsetenesta i Alta og kommune- og spesialisthelsetenesta i Hallingdal har fleire prosjekt med nye helsetenester og tiltak for fagutvikling og forsking. Tor Åm, Prosjektdirektør i Helse- og Omsorgsdepartementet peika på rammene for dei nye lokalmedisinske sentra som er eit sentralt element i Samhandlingsreforma. Her er det framleis mykje lause føringar og rom for mange ulike modellar og lokale tilpasningar , på godt vondt vil mange hevde. Åm utfordra Hallingdal og Alta å halde fram som føregangsregionar og skape presedens for god samhandling og framtidsretta helsetenester . Seminaret fekk mykje god omtale. Hallingforsk tek med seg erfaringane og vil arbeide vidare for at nettverksbygging også i framtida vert nytta aktivt for å styrke små og sårbare fagmiljø i utkant-Noreg. Fagleg program: les meir Presentasjon Prosjektdirektør HOD, Tor Åm: les meir Presentasjon Leiar Hallingforsk, Prof. Knut Dalen: les meir Presentasjon Kommuneoverlege Øystein Lappegard: les meir |
Hallingforsk
Hallingforsk er eit distriktsmedisinsk forskingssenter for å fremje og gjennomføre allmennmedisinsk forsking i skjeringspunktet mellom kommune- og spesialisthelsetenesta.
Våre samarbeidspartnerar
|
|
| Publisert med WideCMS 4 | ||